Hopp til innhold

Bilfrelste samla seg til vårmønstring i Lærdal

Denne helga skein det om kapp i dyre og blankpussa bilar i Lærdal.

Erverdig svenske vitjar stavkyrkja i Borgund

VÅRMØNSTRING: Eit hundretals gamle klassikarar og nyare sportsbilar var denne helga å sjå i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Vårmønstringa vart arrangert for andre gong og primus motor Johannes Einemo satsar no på at det vert ei fast årleg hending.

– Her er det alt mogleg frå moderne bilar til klassiske, og denne gongen var det veldig mange klassiske bilar, seier Einemo.

Kring 100 doningar har tatt turen til Lærdal denne helga. Og dei skodelystne kunne sjå alt frå nye Ferrariar til gamle Mecedses SLar og ein og anna gammal Volvo Amazon.

– Når folk kjem med bilane sine så parkerer vi i den gamle 1800-tals gata i Lærdal. Då blir det utstilling og ulike aktivitetar, fortel Einemo.

Minnestein

MINNESTEIN: I 1901 kom ein nederlendar køyrande frå Kristiania til Lærdal som den første automobilturisten.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Kortesje

Laurdag var det kortesje med alle bilane på dei gamle vegane blant anna langs Vindhella.

– Då vitja vi også den minnesteinen som den Kongeleg norske automobilforeining sette opp som minne for Beduin som kom her i 1901 som motorturistpioner, seier Einemo.

I tillegg gjekk sjølvsagt turen også innom bilmuseet i bygda som vart laga tidleg på 1990-talet.

– Der er det bilete som syner bygginga av vegane, og ikkje minst bilane som var i bruk på den tida, seier Einemo.

Bilsamling

Sjølv har Einemo vore interessert i bilar heilt frå barnsbein av.

– Då eg var sju – åtte år gammal fekk eg ei bok om Ferrari Testarossa. Boka var full av bilete og synte korleis bilen var bygt opp, fortel Einemo.

Johannes Einemo

BILENTUSISAST: Johannes Einemo både samlar på bilar og arrangerer treff for andre bilentusiastar.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Det vekte ein draum i den unge guten om ein dag å eige ein slik bil. Etter kvar har han fått seg ei anseleg bilsamling sjølv som inneheld både Ferrariar og Lamborghiniar.

– Difor er det litt morosamt når det kjem ungar hit i dag og får sjå alle bilane, og får sitte i dei, og kjenne på kva ingeniørkunst som er i desse bilane. Det er ikkje berre eit transportmiddel frå A til B, seier Einemo.