Hopp til innhold

Bilføraren la seg ikkje flat utan grunn

Biltransporten politiet stogga måndag er heldigvis av det sjeldne slaget. – Vi ser mykje rart, men vi har aldri sett ein bil stabla på to oljefat, seier inspektør Svein Ove Salt.

Usikra doning på tilhengar

VIPPA: Bilen var sikra med ei stroppe gjennom bildøra. – Bilen låg oppå to oljefat, slik at ingen av hjula var i kontakt med hengaren.

Foto: Politiet

Doningen politiet eskorterte frå Halbrendslia til trafikkstasjonen på Sanderplass måndag, var heldigvis av det sjeldne slaget.

Kontrollørane avdekka den eine mangelen etter den eine. Til slutt vart det bruksforbod.

– Tilhengaren mangla bremser og hadde ein del andre tekniske manglar. Lasta var ikkje sikra godt nok, og hengaren har også vore ombygd utan å vere framstilt for ny godkjenning, seier Svein Ove Salt.

– Svært dårleg sikra

Politiet vart varsla av andre bilistar som stussa fælt på om lasta verkeleg var sikra godt nok. Bilen vart stogga og eskortert til Statens vegvesen for kontroll og vurdering.

Som biletet viser var lasta sikra med ei stroppe gjennom dørene. Understellet vippa på tønner på hengaren. Politiet skildra lasta som svært dårleg sikra.

Biltransport stogga i Haldbrendslia

STOGGA: Bilføraren var på veg til bilhoggeriet då den vart stogga i Halbrendslia.

Foto: NRK.no-tipsar

– Generelt vil eg minne om Vegtrafikklova § 3 om særskilt aktsemdsprinsippet, der førar pliktar å vere aktsam og varsam så det ikkje oppstår fare eller valdast skade og slik at anna trafikk ikkje vert unødig hindra eller forstyrra, seier han og legg til at sjåføren pliktar å ha køyretøyet forsvarleg lasta, seier operasjonsleiar Bjarte Engevik.

La seg flat

Hos Vegvesenet vart lasta vurdert som trafikkfarleg.

– Stroppa toler ganske mykje, men sidan den berre var tredd gjennom døra, så kan lasta skli framover under hard bremsing. Hengaren er heller ikkje berekna for slik transport, seier Salt.

Bilen som skulle til bilopphoggeriet i Førde må no fraktast dit på anna vis. Saka blir no meldt til politiet, og det blir då opp til politijuristen å vurdere reaksjon.

– Bilførar oppførte seg høfleg og la seg eigentleg heilt flat. Kva han forklara får bli mellom han og politiet.