NRK Meny
Normal

Bilførar melde seg etter utforkøyring - mistenkt for promillekøyring

Bilføraren som torsdag kveld køyrde utfor i Årbergsdalen i Gaular, har no meld seg for politiet. Han sit i avhøyr, og er mistenkt for promillekøyring.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet opplyser til NRK klokka 9.45 at bilføraren no skal avgje blodprøve, og at han ikkje er alvorleg skadd.

Vitner melde seint torsdag kveld frå om utforkøyringa, men då utrykningsetatane kom fram til staden på E39, var føraren sporlaust vekke.

Seinast klokka 05.15 fredag morgon opplyste politiet at dei visste kven bilføraren var, men at leiting utover natta ikkje hadde gjeve resultat.

– No veit vi kven føraren av bilen er, men vi har førebels ikkje fått tak i vedkomande, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Trond Hatlenes, til NRK.

No stadfestar politiet at mannen, som er i 30-åra og heimehøyrande i Gaular, har meld seg og at han sit i avhøyr på det lokale lensmannskontoret. Politiet opplyser at mannen ikkje har førarkort.

Naudetatane som kom til staden rapporterte om at bilen var totalvrak, men at dei ikkje såg teikn som tyder på at føraren er alvorleg skadd.

– Men føraren kan ha innvendige skader. Det er ei 70-sone, og då kan vi ikkje sjå bort frå det. Føraren bør sjekkast ut av helsepersonell, sa operasjonsleiar Hatlenes til NRK torsdag kveld.

– Det er vel ganske uvanleg: Mistenkjer politiet promillekøyring?

– Ja, det er uvanleg. Vi veit ikkje kva som er grunnen, men vi tykkjer det er mistenkeleg, sa Hatlenes.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.