Hopp til innhold

Bilførar stakk av etter påkøyrsel

Bilføraren stakk av då ein 16 år gamal gut vart påkøyrd i Førde sentrum måndag ettermiddag.

Uhellet skjedde i rundkøyringa ved Førde Hotell.

Ikkje alvorleg skadd

Guten vart send til legevakta for sjekk, men skal ikkje vere alvorleg skadd.

Ber føraren melde seg

Politiet ber publikum om tips i saka, og oppmodar bilføraren om å melde seg.