Hopp til innhold

Rygga på fleire bilar og køyrde rett i veggen

Ein mann i 80-åra er sendt til sjukehus etter ei trafikkulukke i Florø.

Trafikkuhell ved Amfisenteret i Florø

UHELL: Føraren var åleine i bilen då uhellet skjedde.

Foto: Terje Pettersen

Naudetatane rykte like før klokka 15 ut til Amfisenteret etter at ein bil var borti fleire parkerte bilar på staden, før den køyrde rett i veggen.

Mannen i 80-åra var åleine i bilen. Han var medviten etter uhellet.

– Mannen rygga borti to bilar. Den eine av desse kom bort i ein annan bil, seier Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.

Mannen vart sendt til sjukehus med ambulanse.

Saka blir oppdatert.