– Kunst og kultur har ein eigenverdi som ikkje kan målast i kroner, ører og lønnsemd. Vi er redde for at kulturen kjem bakpå når avdelinga blir slått saman med næring, seier styreleiar i Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane, Aud Marit Skarrebo Holmen.
På organisasjonen sitt fylkesårsmøte i helga gjekk dei i ei fråsegn inn for at Fylkesrådmannen gjer om sitt vedtak, og beheld Kulturavdelinga i fylkeskommunen som ei eiga avdeling. I februar kom meldinga om at Fylkesrådmann Tore Eriksen hadde slått saman dei to administrative avdelingane for kultur og næring til ei.
Fylkesrådmannen ser ikkje grunn til uro
– Vi er redde for at kulturen blir ein salderingspost innanfor næringsavdelinga og ikkje får den merksemda som den fortener, seier Holmen.
Fylkesrådmannen meiner på si side at kunstnarane ikkje har noko å frykte.
– Det er ingen av dei to avdelingane som blir prioritert eller lagt under den andre, skriv Eriksen i eit svar på kunstnarane si fråsegn.
Han held fram at då ein kutta i talet på politikarar på fylkestinget, så vart kulturutvalet slått saman med næringsutvalet. Difor er det på sin plass at dei to også blir ei felles administrativ eining. Endringane skjer frå og med 1. april, og den nye avdelinga skal leiast av Jan Heggheim, som i dag er sjef for Næringsavdelinga. Ingebjørg Erikstad, som i dag leiar kulturavdelinga blir frå då av ein av to assisterande fylkesdirektørar i avdelinga.
Meiner det tek seg dårleg ut for kulturfylket
Kunstnarane meiner også at fylket sender ut eit dårleg signal på kulturfeltet, spesielt når ein samstundes prøver å få nokre av Kulturrådet sine arbeidsoppgåver lagt til fylket. Fylkespolitikarane løyvde i byrjinga av mars 50 000 kroner til eit slikt prosjekt, noko også fylkesrådmannen gjekk inn for.
– At vi som einaste fylke på Vestlandet legg kultur under næring er eit dårleg signal. Det kan ikkje vere til fordel for dette arbeidet, meiner Holmen.
Kunstnarane er også kritiske til at saka ikkje har vore oppe til debatt eller politisk handsaming. Fylkesrådmannen understrekar at avgjerda er gjort i samsvar med fylkestinget sitt delegeringsreglement og at fylkesutvalet var orientert.
– Eg meiner den nye avdelinga vil greie å styre og forvalte både nærings- og kulturoppgåvene på ein god måte. Eg håpar andre og kan ha dette som eit godt utgangspunkt for at vi framleis skal vere eit sterkt kulturfylke, skriv Eriksen i sitt svar.