Hopp til innhold

Bilen punkterte då ein vegg av flammar kom imot dei

Då dekket eksploderte og flammeinfernoet kom imot bilen i Skatestraumtunnelen, måtte dei to søstrene springe for livet medan bensin rann under føtene deira.

Utbrent bil i Skatestraumtunnelen

UTBRENT: Bilen til Eli Siv Ytre-Hauge vart forvandla til eit utbrent vrak etter ulukka i Skatestraumtunnelen på torsdag. Dette biletet viser det ho sjølv trur er restane etter bilen.

Foto: Flora brannvesen

Det er søstera Merete Nyborg Bakken som sit ved rattet, medan Eli Siv Ytre-Hauge er passasjer. Dei kjem begge frå Berle i Bremanger og har køyrt her mange gonger før. På veg opp frå det lågaste punktet i Skatestraumtunnelen ser dei ein bil kome ryggande mot dei i venstre køyrefelt.

– Vi stussa og tenkte «kva er det som skjer?», seier Ytre-Hauge. Det har gått to dagar. Enno er det vanskeleg å snakke om.

Dei skjøner at noko har skjedd. Men i det dei bremsar opp, punkterer det eine dekket. Den ryggande bilen har allereie passert. I den sit mora deira, mannen til Merete Nyborg Bakken, dottera og niesa hans.

Dei hadde prøvd å gje teikn til oss og dei prøvde å ringe, men det var ikkje mobildekning.

Eli Siv Ytre-Hauge

I det fjerne kan søstrene sjå flammar. Men dei veit enno ikkje omfanget av dramaet som utspelar seg nokre hundre meter framfor dei. Ei tankvogn har nettopp kollidert med fjellveggen om lag 500 meter inne i tunnelen og 16 500 liter med bensin er i ferd med å gå opp i flammar.

Brann i Skatestraumtunnelen

TJUKK RØYK: Svarte skyar og giftige gassar veltar ut av Skatestraumtunnelen.

Foto: Quirinus Adrichem

Dei går ut av bilen for å inspisere dekket. Då ser dei den gule veggen av flammar kome mot dei. Det er då tankvogna eksploderer for første gong. Eli Siv Ytre-Hauge roper til søstera «herregud, det brenn, vi må ut».

Eg såg det rann ei elv langs vegen og skjønte at det var bensin. Eg stod i drivstoff og forstod at vi berre måtte springe for livet den andre vegen

Eli Siv Ytre-Hauge

I det dei skal til å flykte vert dei på ny passert av ein personbil som ryggar i full fart vekk frå flammehavet. Heller ikkje denne bilen stoppar. No trur søstrene dei er åleine att i tunnelen.

Tunnelbrann i Skatestraumtunnelen
Foto: NRK.no-tipsar

Dei byrjar å springe.

– Medan vi sprang snudde eg meg og såg at flammane følgde elva av bensin rett bak oss og ti meter forbi bilen min. Då tenkte eg «dette rekk vi ikkje. Vi greier ikkje å springe fort nok», seier Ytre-Hauge.

Men dei to er ikkje dei einaste som kjempar for livet. Søstera hennar oppdagar den først. Ein bubil med to personar, Kjell Ragnar Hauge (71) og kona, kjem mot dei.

– Søstera mi vinka til bubilen og sjåføren stoppa. Vi fekk opp døra på sida, men fekk den ikkje igjen, fortel Ytre-Hauge.

Medan dei ryggar kan dei høyre at bilen dei nett har forlete eksploderer. Kjell Runar Hauge greier å rygge heile vegen til botnen av tunnelen og opp igjen.

Vel ute styrtar mannen til Marit Nyborg Bakken mot bubilen og spør om det er nokon att i tunnelen. Han høyrer ikkje svaret og legg på sprang inn i tunnelen for å sjå etter dei to som er sakna.

– Då gjekk søstera mi ut og ropte etter han og fekk varsla at alle hadde kome seg ut, seier Ytre-Hauge.

Dei seks familiemedlemmene er igjen samla og alle er trygge. Men dei veit dei har vore heldige. Hadde ikkje bubilen stoppa, tør dei ikkje tenke på korleis det ville gått.

– Dei redda oss, heilt klart. Vi hadde ikkje sjanse til å springe fort nok og vi hadde eit stykke igjen til botnen av tunnelen. Den eine gongen eg snudde meg, såg eg kor fort flammane følgde etter oss. Eg venta berre på at det skulle eksplodere og at vi skulle bli tatt av trykket og brannen, seier Ytre-Hauge.

Inne i Skatestraumtunnelen

I ettertid har ho fått sjå bileta røykdykkarane tok då dei vart dei første til å ta seg inn i tunnelen etter brannen. På det eine biletet kan ein så vidt sjå fronten og delar av det som truleg var bilen deira. Fullstendig utbrent.

– Eg er berre letta over at vi kom oss ut. Alle dei tretten personane som var på den sida, seier Ytre-Hauge.

– Korleis har du hatt det i ettertid?

– For min del har eg ikkje sove så godt. Då kjem minna. Og når vi snakkar om det.

Sjølv om det er tungt, er ho glad for at dei som opplevde dramaet har fått tid til å snakke saman om det dei opplevde. I alt 15 personar berga seg ut av tunnelen den dagen.

Eg trur den beste oppfølginga er at vi som har opplevd det snakkar saman. Det er vanskeleg for andre å forstå, seier Ytre-Hauge.

Røykdykkarar frå Flora brannvesen filma då dei vart dei første til å ta seg inn i Skatestraumtunnelen etter brannen.