Hopp til innhold

Ung bileigar kappa fjørene - no blir det politisak

– Billig og kreativ, men farleg løysing. Slik skildrar Svein Arne Henjesand i Statens vegvesen senkemetoden til den unge bileigaren.

Bilen var senka ved å kappe fjæringa.

KAPPA: Fjæra var på veg til å løyse seg frå fjørtallerken. – Dette skjer fordi fjæra var kappa med kring fem vindinga, samanlikna med ei original fjør. Då vil fjæra vere laus og vri seg ut av posisjon, seier Svein Arne Henjesand.

Foto: Statens vegvesen

På veg gjennom Gloppen vart bilen med feststemde unge menn stogga på Byrkjelo fredag. Der starta dei også påska.

Bilen fekk køyreforbod og vart avskilta, medan føraren også blir meld og kan vente seg eit oppgjer med politiet for å ha kappa begge fjørene framme.

– Han forstod kvifor og tok det bra. Det vart ikkje styr på noko måte. Det plar sjeldan bli det, seier Svein Arne Henjesand hos Statens vegvesen.

– Måtte reagere

Skifta ratt

SKIFTA RATT: Bilen som vart stogga på Byrkjelo hadde også uoriginalt ratt. – Om ein skiftar ratt, så må ein legge fram dokumentasjon på at det tilfredsstiller krava i føreskriftene, seier Henjesand.

Foto: Statens vegvesen

Statens vegvesen såg det oftare før. At unge bileigarar sparte pengar på senkesett ved å kappe fjørene. Bilen som vart stogga på Byrkjelo hadde i tillegg sota ruter og uoriginalt ratt.

Henjesand skildrar bilen som trafikkfarleg. Fjørene var endå til på veg ut av festepunkta.

– Det påverkar både fjæringa og styringa. Bilen blir heilt stiv, slik at du har ingen effekt av verken fjører eller støytdemparar når du køyrer på ujamn veg. Då kan ein i verste fall miste kontrollen og køyre av vegen. Fjørene og støytdemparane skal sikre godt veggrep, seier han.

– Ei bevisst og trafikkfarleg handling. Då må vi reagere, legg Henjesand til.

Stod ikkje i vognkortet

Kontrollørane fatta mistanke til den uvanleg låge bilen då vognkortet ikkje opplyste noko om senkesett.

Ei kvar senking skal godkjennast og bileigar må dokumentere at den tilfredsstiller krava.

– Gjer ein noko med fjæringa på bilen for å få den lågare, så skal det dokumenterast opp mot fabrikanten sine krav. Det skal også dokumenterast at eit senkesett er montert etter spesifikasjonar frå produsenten. Bilen skal også framstillast for ein hjulstillingskontroll på ein godkjend verkstad, seier Henjesand.

Endringar må godkjennast

Henjesand meiner bileigaren hadde kome betre, og tryggare, frå det med ei lovleg senking.

– På eit godkjent senkesett vil fjør og støytdempar vere tilpassa kvarandre slik at ved full utfjøring, så vil støytdempar halde att så fjør framleis har forspenning og vil halde seg på plass der den skal vere, seier han og avsluttar.

– Alle endringar som gjer at køyretøyet skil seg frå typegodkjenninga, skal dokumenterast. Bilen må framstillast for kontroll ved ein trafikkstasjon, og godkjende endringar skal førast inn som merknad i vognkortet.