Hopp til innhold

Politiet veit ikkje kven som tende på bilane - dermed må bileigarane sjølve punge ut

Bileigarar må ut med tusenvis av kroner i eigendel etter det politiet meiner er påsette bilbrannar. – Veldig kjedeleg, fortvilar ein av dei råka.

Sissel Dokset fortvilar over at ho må betale eigendel etter at bilen hennar vart sett fyr på

FORTVILAR: Sissel Dokset må sjølv ut med fleire tusen kroner etter at nokon sette fyr på bilen hennar. (Biletet til venstre er frå bilbrannen i Vieåsen, medan Dokset sin bil gjekk med i brannen på Hornnes natta før).

Foto: Montasje: NRK/Eirik Hildal/Privat / NRK

To netter på rad måtte brannvesen og politi rykke ut til bilar i brann i Førde den første helga i april.

Ut frå funn og opplysningar var politiet raskt ute med at dei trur brannane er påsette. Men den eller dei som står bak er enno ikkje tekne.

Bileigar Sissel Dokset får dermed ikkje alt att på forsikringa, og må i staden ut med ein eigendel på 6000 kroner.

– Eg får att takst på bilen, minus eigendelen på 6000 kroner, sukkar ho oppgitt.

To brannar på to dagar

Sissel Dokset var ein av dei opp mot ti bileigarane i Førde som opplevde at bilen gjekk med i brann den første helga i april i år.

Natt til laurdag 5. april spreidde ein bilbrann på Hornnes seg til fleire andre bilar, og natta etter stod fleire bilar på nytt i brann, denne gongen i Vieåsen.

Etter brannen i Skaratunet i Vieåsen sa brannsjef Bernhard Øberg at han meinte bilane vart mistenkjeleg fort overtente, og politiet sa måndagen etter brannane at dei meinte dei hadde med ein eller fleire eldspåsetjarar å gjere.

Ingen sikta i saka

Framleis har ikkje politiet kome nærare noko løysing i saka.

– Vi har ikkje nokon konkrete mistenkte som er sikta i saka til no, seier etterforskingsleiar Knut Harald Hansen til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bilbrann i Førde i april 2014

ANDRE NATTA: Natt til søndag byrja fleire bilar å brenne i eit carportanlegg ved Skaratunet i Vieåsen i Førde.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Er heilt utan skuld – må likevel betale

Sissel Dokset vart ståande utan bil etter brannen på Hornnes. Ho får att på forsikringa, men sidan den eller dei som står bak ikkje er tekne enno må ho ut med ein eigendel på 6000 kroner. Bilen var verdt kring 20.000 kroner.

Dokset meiner det er urettferdig at ho sjølv må ta støyten for det som har skjedd.

– Eg synest det er kjedeleg. For det første har eg ikkje bil, og i tillegg blir eg trekt 6000 kroner i eigendel for noko eg er heilt utan skuld i … Det er vel noko dei fleste ikkje hadde synest var spesielt gøy, seier ho.

Kan få eigendel tilbake

Birgitte Sørheim er marknadsdirektør i Frende Forsikring, og ho seier dette er heilt vanleg praksis.

– Dette er ein del av prissettinga. Vi har ein eigendel som gjer at prisen på forsikringa blir lågare jo høgare eigendel du har. Dette vil slå inn når ein skade oppstår og kunden ønskjer bruke forsikringa si, forklarar ho.

Ifølgje Sørheim kan bileigaren få tilbake eigendelen, dersom den eller dei som har skuld i brannen blir tekne.

– Om det viser seg at det er ein annan som har påført skaden, som i dette tilfellet er gjort ved å tenne på bilen, og vedkommande blir teken, vil vi som forsikringsselskapet krevje at denne personen betaler både eigendelen og for skaden som er påført, seier ho.

– Slik er reglane, dessverre

Slik er det i det fleste forsikringsselskapa, seier informasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll.

– Det er veldig kjedeleg når ein bileigar får skade på bilen sin og er heilt utan skuld, men likevel må dekke det sjølv.

– Det same gjeld om ein til dømes får ein skade etter hærverk, der ein oppdagar at bilen er skadd og må dekke det sjølv. Dette er litt irriterande eigendelar og skader, men dessverre, slik er reglane, seier Voll.

Håpar politiet finn den eller dei som står bak

Fram til den eller dei som står bak brannane eventuelt blir tekne er det uansett sure pengar for bileigar Sissel Dokset.

– Eg forstår at reglar er reglar, sjølv om eg opplever det som litt urettferdig. Eg håpar den som står bak blir teken, slik at vedkommande må stå til ansvar for dette.