Hopp til innhold

Bildrapssaka kjem opp til hausten

Rettssaka etter dødsulukka på Bryggja i påska i fjor kjem truleg opp i slutten av september eller i starten av oktober.

Trafikkulukke på riksveg 15 ved Bryggja.

DØDSULUKKE: Det var Skjærtorsdag i fjor at dei to bilane frontkolliderte i 80-sona ved Bryggja. Ei kvinne i 40-åra omkom i ulukka.

Foto: Bjarne Eldevik

Politiadvokat Erling Melvær fekk i 11-tida fredag beskjed om at den sakkunnige i saka mot ein dansk vikarlege var blitt sjuk.

Melvær, som er aktor i saka, seier dei ikkje kan gjennomføre saka utan den sakkunnige.

– Han kan vere heilt avgjerande for resultatet i saka, og då er det uforsvarleg å gjennomføre saka utan at han er der, seier Melvær.

Kan vere avgjerande

Politiadvokat Erling Melvær

AKTOR: Politiadvokat Erling Melvær skulle aktorert saka mot den tiltalte danske vikarlegen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den danske vikarlegen skulle måndag møtt i Fjordane tingrett, tiltalt for aktlaust bildrap på ei polsk kvinne. Ulukka skjedde i ei 80-sone på riksveg 15 ved Bryggja i Vågsøy.

Mannen er tiltalt for å ha køyrt i mellom 125 og 145 km/t. Han skal også ha vore påverka av sovemedisin og smertestillande medikament. Omrekna til alkoholpromille, tilsvara påverknadsgraden over 0,5 promille.

Melvær seier den sakkunnige er viktig for rettssaka.

– I ei trafikkulukke er det ofte veldig mange tekniske spørsmål som dommarar og advokatar ikkje har noko føresetnad til å seie noko om. Dermed er ein avhengig av å ha ein sakkunnig som kan fortelje retten noko om kva som har skjedd.

Kan ikkje hente ny

– Men var det ikkje mogeleg å hente inn ein ny sakkunnig?

– Ikkje på så kort varsel. I denne saka er det utarbeidd mange rapportar, det ligg mykje arbeid bak, og ein får ikkje hente inn ein sakkunnig som kan gjere same jobben på så kort tid når den skulle vore oppe på måndag.

Legen var på veg frå nattevakt i Eid til heimen i Måløy då ulukka skjedde. Mannen vart sjølv alvorleg skadd i ulukka. Passasjeren i den møtande bilen kom frå den kraftige samanstøyten med lettare skader.

– Trist og trasig

Den omkomne kvinna i 40-åra etterlet seg seks born. Mellom desse eitt mindreårig barn.

Politiadvokat Melvær beklagar at saka, som Fjordane tingrett hadde sett av fem dagar til, må utsettast. No må 18 vitne, inkludert den sakkunnige, rettens medlemer og advokatane på nytt setje av tid til saka.

– Det er trist og trasig for alle. Det ligg mykje førebuing bak ei slik sak, men vi er som sagt avhengige av den sakkunnige for å få saka tilstrekkeleg opplyst.