Hopp til innhold

Bildrapsdømd bussjåfør får likevel vurdert anken

Gulating lagmannsrett må likevel vurdere anken til den domfelte bussføraren etter dødsulukka ved Fardal i Sogndal. Det har Høgsterett bestemt.

Blomar i vegkanten ved Fardal

SYNFARING: To kvinner omkom i bussulukka ved Fardal 12. august i fjor. Biletet er frå Sogn tingrett si synfaring i samband med straffesaka mot ein svensk bussjåfør etter ulukka.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Anken vart opphavleg avvist av Gulating lagmannsrett. Dei meinte vesentlege dokument ikkje var sendt innan rimeleg tid.

Høgsterett har kome til ein annan konklusjon.

Magne Nyborg

STATSADVOKAT: Magne Nyborg er ikkje overraska over orskurden til ankeutvalet i Høgsterett.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det medfører at saka blir sendt tilbake til Gulating for ny behandling om anken skal tillatast fremma eller om den bli nekta fremma, seier statsadvokat Magne Nyborg til NRK.no.

Var i utlandet

Den svenske bussføraren (56) vart i mai dømd til fem månader fengsel for aktlaust bildrap etter at turbussen han førte kolliderte med ein møtande rutebuss ved Fardal i Sogn. Ei kvinne i kvar av bussane, ei frå Sunnmøre og ein taiwansk turist, omkom i ulukka.

Mannen har heile tida hevda si uskuld og anka domen frå Sogn tingrett. Lagmannsretten fekk ein skanna kopi av anken, saman med eit utførleg støtteskriv innan fristen. Ein signert kopi av anken kom 15 dagar seinare.

– Den domfelte var også etter det opplyste i eit land der han ikkje var lett å få tak i, og der postgangen til Norge også ville måtte ta noko tid, skriv ankeutvalet.

Var innan rimeleg tid

Ankeutvalet legg stor vekt på at mannen var i sitt opphavlege heimland i samband med eit dødsfall i familien. Han kjende heller ikkje til kravet om original underskrift i ei ankefråsegn.

Sjølv om det er krav om original underskrift på ei ankefråsegn, er ein faks eller epost godkjent dersom ein underskriven anke blir sendt i rimeleg tid.

– Etter omstenda, der det særleg er lagt vekt på at kopi av den underskrivne anken vart sendt innan fristen saman med eit relativt omfattande støtteskriv, at den domfelte handla straks han var klar over kravet til underskrift og at forseinkinga ikkje var svært stor når det blir teke omsyn til at domfelte var i utlandet, skriv ankeutvalet.

Fekk ikkje uttale seg

Geir J. Kruge

NÅDDE FRAM: Geir J. Kruge og klienten hans får anken sin vurdert på nytt av ankeutvalet i Gulating lagmannsrett.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det har ikkje lukkast NRK.no å få kommentar frå mannen sin forsvarar, Geir J. Kruge, men NRK er kjend med at forsvaret var kritisk til at dei ikkje fekk uttale seg om manglane før rettsavgjerda fall.

Dette har ankeutvalet gjeve dei medhald i.

– Under alle omstende ligg det føre brot på reglane om kontradiksjon når forsvararen ikkje fekk høve til å uttale seg før avvisingsavgjerda, skriv ankeutvalet.

Ikkje overraska

At anken førte fram i ankeutvalet til Høgsterett betyr ikkje at saka slepp igjennom til ankebehandling i lagmannsretten. Det betyr derimot at ankeutvalet skal vurdere om mannen får sjansen til å prøve saka for lagmannsretten.

Statsadvokat Nyborg er ikkje overraska over avgjerda.

– Det var uklart kor lang tid det kan gå før ei slik original ankeerklæring kan ettersendast. Her var det 15 dagar, og sidan han var i utlandet, så meinte dei det var innan rimeleg tid, seier han.