Hopp til innhold

Bildrapsdømd bussjåfør avvist for andre gong av lagmannsretten

Anken til den bildrapsdømde bussjåføren etter Fardal-ulukka slepp ikkje gjennom nålauget til Gulating lagmannsrett.

Bussulukka ved Fardal

OMKOM: Ei kvinne frå Sunnmøre og ei kvinne frå Taiwan omkom då den svenske turbussen og ein lokal rutebuss krasja ved Fardal utanfor Sogndal i august i fjor.

Foto: Christian Blom

Det er andre gong at lagmannsretten avviser anken til den føraren av den svenske bussen som i fjor sommar krasja med ein lokal rutebuss i Sogndal.

Ei norsk og ei taiwansk kvinne omkom i ulukka. Den svenske bussjåføren vart i Sogn tingrett funnen skuldig i aktlaust bildrap og dømd fem månader i fengsel.

– Både vitneforklaringar, tekniske bevis og den sakkunnige sine vurderingar støttar opp om konklusjonen, skriv lagmannsretten i avgjerda.

Endeleg punktum

Det er andre gong at anken er oppe til vurdering hos Gulating lagmannsrett. Ved første høve meinte lagmannsretten at vesentlege dokument ikkje var sendt i tide. Denne avgjerda vart oppheva av ankeutvalet til Høgsterett.

Magne Nyborg

PUNKTUM: Statsadvokat Magne Nyborg seier saka i utgangspunktet no er avgjort. – Forsvaret og tiltalte kan anke på sakshandsamingsfeil, seier Nyborg.

Foto: Bård Siem / NRK

Statsadvokat Magne Nyborg meiner dette set eit endeleg punktum i saka.

– No har tiltalte fått vurdert saka i to rundar, og lagmannsretten meiner det ikkje ville blitt eit nytt eller anna resultat i lagmannsretten. Det forsvaret og tiltalte kan gjere no, er å anke over at det er gjort feil ved behandlinga av anken i lagmannsretten. Ut over det kan dei ikkje anke, seier Nyborg.

Fullstendig anke

Forsvarar Geir J. Kruge ynskjer ikkje å kommentere rettsavgjerda før han har snakka med sin klient. Den svenske bussjåføren har heile vegen hevda si uskuld og leverte ein fullstendig anke etter domen frå tingretten. Forsvaret meiner tingretten har lagt for lite vekt på forklaringa til den dømde.

Blant bevis og som allereie er lagt fram og vurdert av tingretten, meiner forsvarar Geir J. Kruge også at rapporten frå Statens vegvesen si ulukkesgruppe kan innehalde informasjon som er av betydning for utmåling av erstatninga.

Dette blir avvist både av påtalemakta og lagmannsretten.

– Finn lagmannsretten at denne ikkje gir noko opplysningar som er eigna til å rokke ved bevisresultatet. Rapporten støttar opp om konklusjonane i tingrettens dom, skriv lagmannsretten.

– Grundig og skjønsam

Forsvaret meiner vidare at det er feil å hevde at den svenske føraren handla med markant bevisst aktløyse over minimum fire sekund. I alle høve meiner forsvaret at straffeutmålinga er for streng.

Lagmannsretten støttar seg i stor grad til det dei meiner er ein grundig og skjønsam vurdering av bevisa ved Sogn tingrett.

– Både vitneforklaringar, tekniske bevis og den sakkunnige si vurdering støttar opp om konklusjonen, skriv lagmannsretten.

Kan anke til Høgsterett

– Det er uansett ikkje openbart misforhold mellom den utmåla straffa og dei forhold det er domfelt for, held lagmannsretten fram.

Forsvaret kan innan to veker anke avgjerda til lagmannsretten inn til Høgsterett for sakshandsamingsfeil.

Odd Harald Hovde og Erik Slotterøy

LETTA: Odd Harald Hovde (t.v.) og Erik Slotterøy representerte dei etterlatne etter Fardal-ulukka. – Mine klientar er svært letta over rettsavgjerda frå lagmannsretten. Endå ein gong håpar dei på ro i saka, seier Hovde etter at lagmannsretten har avvist anken til den bildrapsdømde svenske bussjåføren.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Advokat Odd Harald Hovde representerer familien til dei etterlatne etter den omkomne norske kvinna. Han seier dei er letta over rettsavgjerda.

– No har det gått over eitt år med den veldige påkjenninga det har vore for familien. Skulle det no bli slik at det blir oppheva ein gong til, så blir det eit relativt umenneskeleg press på dei som har stått i denne tragiske situasjonen så lenge, seier han.

– Klar og eintydig

–- Slik eg vurderer rettsavgjerda, så er den veldig klar og eintydig. Det er akkurat slik vi følte det tidleg, at dommen til Sogn tingrett var svært grundig og gjennomgåande godt grunngitt, legg Hovde til.

Ettersom straffesaka ikkje kom igjennom til ny behandling i lagmannsretten, vart ikkje erstatningsspørsmålet vurdert av ankeutvalet.

Dersom ein av partane krev ny behandling av kravet innan ein månad, vil det bli behandla etter tvistelova.