Det er grått i vêret, men folk har likevel møtt opp. Her frå Røyrvikfjellet.
Langs E39 ved Eikås i Jølster står denne doningen plassert.
Slik ser fotballbana i Viksdalen ut. Skrifta er laga med sagflis.
Ny og moderne sykkel, med snødekte fjelltoppar som speglar seg i Jølstravatnet.
Gunnar Vedvik viser fram sykkelen som syklistane vil sjå når dei syklar forbi Dragsvik.
Her skal syklistane i mål onsdag ettermiddag, langs Angedalsvegen i Førde, vis-a-vis NRK og Førde Stadion.
Hjul med ti meter i diameter langs vegen, det møter syklistane i Ulvestadbakkane i Vetlefjorden.
Denne sykkelen prydar Kreklingen Stadion i Balestrand.
Dagens ritt starta i Balestrand, der var det pynta til fest.
Gaularfjellet: Det er ikkje akkurat sommartemperaturar på fjellet, men det legg ikkje ein dempar på humøret.
Gaularfjellet: Frå Utsikten på Gaularfjellet har dei god oversikt over syklistane som kjem oppover fjellsida.
Gaularfjellet: Litt sminke og instrument må til.
Gaularfjellet: Kostyme er også på sin plass under sykkelritt.
Elevar frå Frøysland skule og Holsen skule er på plass på Røyrvikfjellet. I det sure vêret er dei godt kledde når syklistane kjem over.
Folk står langs vegkanten for å få med seg at 120 proffsyklistar klatrar oppover dei bratte svingane på Røyrvikfjellet.
Velkommen til Holsen har bygdefolket skrive på eit stort banner på toppen av Røyrvikfjellet.
Folk har stilt seg opp på toppen av Røyrvikfjellet for å ta imot syklistane.
Slik ser det ut i målområdet i Førde, om lag ein time før ryttarane skal i mål.
Utbrytarane køyrer gjennom Førde for første gang.