Hopp til innhold

Bilbrannen spreidde seg til huset

Ein bilbrann spreidde seg til eit hus på Rygg i Gloppen. Dei åtte personane som var i huset samt ein brannmann er sendt til legsjekk.

Brann på Rygg i Gloppen. Bilbrann spreidde seg til hus. (kortare versjon)

TOTALSKADD: Andre etasje er totalskadd etter at ein bilbrann spreidde seg til huset.

Bilbrann i Gloppen

TOTALSKADD: Bilen er heilt øydelagt etter brannen.

Foto: Truls Kleiven

Brannvesenet og politi rykte ut då dei klokka 13:57 fekk melding om brann i ein bil vest for Sandane. Brannen spreidde seg til eit hus.

Klokka 15.30 melder politiet at brannen er sløkt. Andre etasje på huset er totalskadd.

Ifølgje politiet er alle dei åtte som var i huset, i tillegg til ein brannmann, sendt til lege for kontroll. Det skal truleg ikkje vere snakk om alvorlege skader. Bilen stod i ein carport då den tok fyr, men det er ukjend kva som er årsaka til brannen.

– Det skal ikkje vere fare for at brannen spreier seg til andre bygningar, opplyser politiet til NRK tidlegare søndag.

Det blei sendt to brannbilar frå Sandane og to frå Byrkjelo.

Brann på Rygg i Gloppen

MYKJE RØYK: Det var stor røykutvikling på Rygg i Gloppen då bilen og huset byrja å brenne.

Foto: Gro Gjerdevik