Hopp til innhold

Bilbrann spreidde seg – fleire kan stå huslause

Minst ei leilegheit er ubebueleg etter at ein bilbrann seint onsdag kveld spreidde seg til eit kombinert nærings- og leilegheitsbygg i Olden.

Bil byrja brenne, spreidde seg til leilegheitsbygg i Olden

SPREIDDE SEG: Brannen starta i ein bil som stod parkert tett inntil den eine av leilegheitene i bygget.

Foto: Silje Guddal / NRK

Tre leilegheiter har fått store skader i brannen i Olden

STORE SKADER: Leilegheita der bilen stod parkert inntil, til venstre i bilete, er ifølgje brannsjefen i Stryn ikkje mogleg å bu i etter at den har fått store brann-, vass- og røykskadar.

Foto: Silje Guddal / NRK

Brannmannskapa fekk seint onsdag kveld sløkt brannen, og har fram til føremiddagen i dag sete vakt i tilfelle brannen skulle blusse opp att. Dei som budde i bygget har måtte sove andre stadar i natt.

Ifølgje brannvesenet har bygget fått store skader, og minst ei av leilegheitene er så skadd av brann-, røyk- og vasskadar at det ikkje går an å bu der.

Brannsjef John Jatgeir Vinsrygg i Stryn seier leilegheita som stod nærast bilen har fått størst skader.

– Den er totalskadd slik eg ser det. Leilegheita i midten har fått ein del vass- og røyskader, medan vi ikkje har full oversikt over skadane i den tredje leilegheita. Det var også ein del røyk- og vasskadar i etasjane under.

Politibetjent Tor Egedahl ved Stryn lensmannskontor seier dei skal tilbake på branntomta i dag, men at det truleg først vil bli gjort undersøkingar på staden i morgon.

– Vi må la det ligge til det er kaldt, og det er også ein del gassar som må ut. Eg tvilar på vi får gjort noko i dag, men dei komande dagane skal vi jobbe med å finne brannårsaka, seier Egedahl til NRK torsdag føremiddag.

Brannen starta i ein bil som stod heilt inn til næringsbygget med tre leiligheiter i Olden.

BRANN: Mannskap frå Hornindal, Utvik, Stryn og Olden brannvesen rykte ut til brannen i Olden. (MOBILVIDEO: STIAN OLSBØ)

Flammar slo opp frå motoren

Politiet fekk melding om brannen klokka 21.39 onsdag kveld. Det var bileigaren som oppdaga flammar som slo opp frå motorrommet på bilen som stod parkert inn til leilegheita hans.

Egedahl seier dette gir politiet eit utgangspunkt for den vidare etterforskinga.

– Dette hjelper oss vesentleg, for då kan vi starte jobben der, seier politibetjenten.

Bygget har tre leilegheiter i tredje etasje, medan både første og andre etasje blir nytta til næringsverksemd. Alle leilegheitene vart evakuerte. Brannstasjonen i Olden ligg i kjellaren på same bygget.

Flammane spreidde seg først til husveggen og så til takkonstruksjonen. Vaktoperatør Terje Birkeland hos Alarmsentralen seier dei var vanskelege å komme til.

– Vi har kontroll på alle som bur der. Men vi slit med å få tatt brannen, sa Birkeland i 22-tida til NRK.

30-tals brannfolk i sving

Brannen starta i ein bil parkert inntil huset.

BILBRANN: Brannen starta i ein bil som stod parkert i eit plasttelt inntil husveggen.

Foto: Håvard Tonning

Først kring midnatt var brannen under kontroll. Då var det ikkje lenger synlege flammar, men brannmannskap jobba framleis på taket. Brannvesenet vil halde vakt gjennom natta.

Brannmannskap rykte først ut frå Olden og Stryn. Etter kvart vart også mannskap frå Hornindal og Utvik kalla ut.

I alt kjempa eit 30-tals brannfolk med å lokalisere og stogge flammane.

– Då brannvesenet kom fram såg det roleg ut, men det viste seg å vere ein del holrom i taket der brannen spreidde seg. Flammane såg ein ikkje før dei byrja å komme igjennom, seier Birkeland.

Dårleg tilgang på vatn

Brann i same bygg som brannstasjonen i Olden

I SAME BYGGET: Brannstasjonen i Olden ligg i kjellaren, på andre enden av bygget.

Foto: Silje Guddal / NRK

Brannvesenet fekk tidleg på plass ein lift med korg frå Stryn Energi for å komme seg opp i høgda.

Etter kvart vart det også ei utfordring å få nok vatn. Det var lenge fare for at flammane kunne spreie seg til andre delar av bygget.

– Det er dårleg med vassuttak i Olden, men vi fekk tankbil både frå Hornindal og Stryn. Den eine tankbilen vart etter kvart send til Stryn for å fylle på vatn, medan den andre tok vatn frå sjøen, fortel Birkeland.

Ingen vart skadde

Dag Olav Sætre, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, seier at ei av dei tre leilegheitene vart direkte råka av brannen. Ei fekk vasskadar, medan ei ser ut til å ha fått røykskadar.

Etasjen under har fått vasskadar, medan det er uvisst kor mykje vass- og røykskadar den nedste etasjen har fått. Ingen personar vart skadde i brannen.

– Leilegheita som fekk mest skader er ubebueleg. Dei som budde i leilegheitene har funne seg andre stadar å sove i natt, seier Sætre og legg til at det er ukjent kvifor brannen starta.

Det er torsdag føremiddag framleis heilt usikkert kor tid dei som budde i bygget kan flytte tilbake.

Brann i Olden