Hopp til innhold

Mann gøymde seg i buskane etter brann

Naudetatane blei møtt av ein bil som stod i full fyr ved ein barneskule i Florø. Eit stykke frå bilen fann dei ein mann i 20-åra som gøymde seg.

Bilbrann Florø

UTBRENT: Bilen er heilt utbrent.

Foto: Truls Kleiven

Det var fleire vitne som melde frå om bilbrannen i morgontimane ved Krokane skule. Bilen låg på sida ved eit tre og var overtent.

Bilbrann i Florø

BARNESKULE: Bilbrannen skjedde ved Krokane skule i Florø.

Foto: Truls Kleiven

– Det var ingen personar i bilen som brann, men vi fann ein person som gøymde seg eit stykke frå bilen.

Kva trur de har skjedd?

– Det er noko vi må etterforske vidare, seier Algrøy.

I buskene fann politiet ein mann i 20-åra som gøymde seg. Politiet melder at mannen skal bli avhøyrt.

Etter at brannen var sløkt, var bilen heilt utbrent, fortel Alarmsentralen i Florø opplyser.