Jans Bilberging held ei trekkvogn i arrest, fordi dei ikkje har fått betaling for reparasjon og berging. Kravet frå Jans Bilberging er på 125.000 kr, men no krev det estiske firmaet over 800.000 kroner frå strynefirmaet for tjuveri og skadeverk på vogntoget.
Den 2. oktober køyrde eit estisk vogntog av riksveg 15 ved Holmøyane i Eid. Politiet tilkalla Jans Bilberging, som fekk vogntoget på vegen att. Det var skade både på trekkvogn og tilhengar.
Stakk med hengaren
Bernhoft har òg verkstad, og han fekk oppdraget med å reparere skadane. Han starta med hengaren, men morgonen etter at den var reparert, var hengaren søkk vekk. Det estiske firmaet hadde sendt ei trekkvogn og hekta på hengaren utan å gje seg til kjenne eller betale på annan måte.
Den estiske bergingsbilen som venta på å hente trekkvogna i Stryn. Arkivfoto Steinar Lote NRK.
Då det estiske firmaet stilte med ein kranbil for å hente trekkvogna som ikkje var reparert, sette Bernhoft foten ned. Han fekk løyve frå politiet til å ta trekkvogna i arrest, fortel advokaten til Jans Bilberging, Jørund Knardal.
To gonger har ein kranbil frå Estland vore i Stryn for å prøve å få tak i trekkvogna.
Til retten
Den 7. desember skal Nordfjord tingrett ta stilling til arresten av trekkvogna. Jans Bilberging krev 125.000 kroner av det estiske firmaet for å gje den frå seg. Men no har altså det estiske firmaet svart med å melde bergingsfirmaet til politiet.