Hopp til innhold

Bilar køyrde i grøfta for å unngå trailerhengar

To personbilar valde, ifølgje Vegtrafikksentralen, å køyre i grøfta då ein møtande trailer fekk sleng på hengaren sin på E39 ved Moskog utanfor Førde.

Uhell trailer hengar sleng moskog

MØTTE HENGAR: Ifølgje Vegtrafikksentralen skal to personbilar ha vald å køyre i grøfta då ein møtande trailer fekk sleng på hengaren.

Foto: Jofred Vallestad

Ifølgje Vegtrafikksentralen skal ingen vere skadd i hendinga. Det var ein av bilførarane som melde frå om uhellet. Traileren var ikkje lenger på staden då bilane vart berga opp igjen frå grøfta.

Førarane av dei to personbilane berga seg med å køyre i grøfta, fortel Erikstad.

– Dei valde å køyre i grøfta i staden for å bli treft av hengaren, seier han.

Ifølgje eit vitne stod dei to bilane heilt ute i grøfta, men at det ikkje såg ut til å vere store skader.

Vegtrafikksentralen melde tidlegare i dag om glatte vegar og fare for underkjøling.

– Det er veldig glatt på vegen, seier trafikkoperatør Jan Erikstad, som oppmodar folk om å køyre forsiktig.

Det har, ifølgje Erikstad, vore salta på vegen fleire gonger, også før uhellet. Mildvêr og regn kombinert med fare for underkjøling gjer det likevel utfordrande på vegane.

Moskog