Hopp til innhold

Bilane stod ikkje på bremsa utan grunn

– Det er inga unnskyldningar for ei slik forbikøyring. Ein oppnår veldig lite med noko slikt.

Eit dashbordkamera fanga denne farlege forbikøyringa på E16 gjennom Aurland.

SJÅ VIDEO: Bilistane i køen stod på bremsa då ein hastig bilførar nær frontkolliderte i Nærøydalen fredag.

Det seier distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk om forbikøyringa på E16 i Nærøydalen fredag.

Til alt hell enda den ikkje i ein frontkollisjon.

Audun Heggestad

TA DET MED RO: – Eg kan berre oppmode folk om å ta det med ro i sommartrafikken. Legg deg i køen og ligg der. Eg håpar inderleg at eg slepp å sjå fleire slike forbikøyringar denne sommaren, seier Audun Heggestad.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Den ser veldig stygg ut. Det er ikkje noko tvil om at bilen har kort avstand til den som kjem i mot. Ein skal berre vere glad for at det gjekk bra, seier Heggestad.

Venta på smellet

Bilisten, som ynskjer å vere anonym, fortel at han var på sørover då han tok att køen med bilar like etter Gudvangen. Eit dashbordkamera filma forbikøyringa.

Han seier farten var kring 70 km/t då den sølvgrå bilen byrja forbikøyringa før det ein «høvesvis oversiktleg høgresving».

– Forbikøyringa gjekk seint, og eg kan ikkje forstå anna enn at føraren ikkje såg trafikken som kom i mot. Eg var sikker på at det kom til å smelle, seier han.

Stod på bremsa

På videoen ser ein bremselysa frå bilane i køen, medan den sølvgrå bilen så vidt klarer å smette inn att i feltet sitt før den møtande bilen passerer.

– Heldigvis bremsa bil nummer to i køen medan den møtande tyske passaten stogga heilt opp, held bilisten fram. Den tyske bilen med campingvogn vart forbikøyrd seinare.

Om bilisten ikkje såg den møtande bilen, eller feilberekna avstanden, er uvisst. Og på den andre sidan kan ein hevde at turisten fremst i køen burde sleppt forbi køen. Mange lar seg irritere over bilar som køyrer seint og lagar kø.

– Vil ikkje møte slike

Heggestad meiner likevel at det ikkje er noko unnskyldning for å gjere ei slik forbikøyring. Må ein vere framme til eit visst klokkeslett, så bør ein legge ut i god tid.

– Før ei forbikøyring må ein ha skikkeleg sikt, og ein må vite at ein kjem seg forbi innan den sikta ein har, seier han.

– For slike forbikøyringar vil ein ikkje møte. Ikkje minst no i sommartrafikken, held Heggestad fram og legg til at det ofte skjer ulukker på sommaren. Då er trafikken stor, både med norske og utanlandske turistar.