NRK Meny
Normal

Bil utfor vegen i Gloppen

Ein person er frakta til Førde sentralsjukehus etter ei utforkøyring ved Egge i Gloppen.

Trafikkulykke på E39 i Gloppen
Foto: NRK-tipsar

– Personen var medviten og vart frakta med ambulanse til Førde sentralsjukehus, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Espen Gulliksen.

Poltiet fekk melding om ulukka ved 13-tida og politi, ambulanse og brannvesen rykte ut til staden. Bilen hadde hamna utfor vegen og låg på sida.

– Det var ein person og ein hund i bilen, opplyser Gulliksen.

Politiet opplyser at trafikken går som normalt på staden.

Trafikkulukke ved Egge i Gloppen
Foto: NRK.no-tipsar
Laster kart, vennligst vent...
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.