Bil utfor vegen i Gaular

Sjåføren kom uskadd frå det då personbilen han køyrde hamna utfor vegen og stoppa i nokre tre i ein skråing E39 ved Byrkjeland i Gaular. Sjåføren var åleine i bilen og kom seg ut på eigahand, opplyser politiet. Det var ikkje andre bilar involvert. Ulukka vart meldt like før klokka 09. Alarmsentralen seier at det er glatt vegbane på staden.