Hopp til innhold

Lettare skadd

Dei to personane i bilen som køyrde utfor riksveg 614 i føremiddag, er lettare skadd.

Bilen dei to satt i skal ha køyrt utfor riksveg på riksveg 614 ved Magnhildskaret i Bremanger.

Ei kvinne på 52 år vart frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus etter ulukka.

Ifølgje AMK er kvinna lettare skadd.

Det er også den 52 år gamle mannen som òg var i bilen. Han vart frakta til sjukehuset i ambulanse.

Ulukka vart meld frå om klokka kvart på ti i føremiddag.