NRK Meny
Normal

Full utrykking: Bil utfor vegen

Ein bil har køyrd av vegen og gått rundt i Jølster kommune

Ulukke Jølster Eikås

STORE SKADER: Bilen har fått store skader, men føraren skal ha kome unna utan store skader.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Ulukka har skjedd på Eikås. Det er tilsynelatande ingen personskade, men vi veit førebels ikkje meir, opplyste politiet til NRK like etter ulukka skjedde.

Ifølgje NRK sin reporter på staden har bilen køyrd utfor E39, gått rundt og bilen har tydelege skader på taket.

Det skal ha skjedd like ved Eikås frisør, på nedsida av vegen og mot elva Jølstra.

Naudetatane rykte ut og helsepersonell på staden tok hand om føraren.

Føraren er sendt til legevakt for ein sjekk og rutinemessig promillesjekk.

Politiet åtvarar om svært glatt veg på staden. Førde bilberging åtvarar om parti langs E39 og elva Jølstra som er svært glatte.

Ulukke Eikås Jølster

LANGT UTFOR: Bilen har gått rundt og hamna langt utfor vegen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Laster kart, vennligst vent...

Vegopning på Bergum i Førde kommune