Hopp til innhold

Bil treft av stein inne i tunnel - vegen opna att

Naustdalstunnelen på riksveg 5 mellom Naustdal og Florø var ei kort tid stengt fredag ettermiddag etter at ein stein fall ned frå taket og trefte ein bil.

Kart Naustdalstunnelen

– Det er snakk om ein stein på storleik med ein knyttneve, men vi vil ha entreprenør på stade for å undersøkje om det kan kome ned noko meir, seier operatør på vegtrafikksentralen, Jan Erikstad.

17 minuttar over fem vart vegen opna att etter at entreprenør hadde undersøkt tunnelen.

– Dei har fjerna steinen og noko plast. Det er ikkje fare for at noko meir skal kome ned, seier Erikstad.

Jan Erikstad

OPNA: Operatør ved Statens vegvesen, Jan Erikstad, opplyser at den mykje trafikkerte vegen mellom Naustdal og Florø er opna att.

Foto: Jan Christian Jerving

Meldinga om uhellet kom like før klokka 17. Vegvesenet vart då kontakta av folk som melde om lange køar, og folk som ikkje respekterte skiltinga.

– Det er visstnok nokre som køyrer på raudt der også, seier Erikstad.

Tunnelen går mellom Jonstad i Naustdal og Svarthumle i Flora, og er nær 6 kilometer lang.