Sjåføren klarte å rygge bilen inn igjen i tunnelen før det kom fleire steinar, og ingen kom til skade.
Bilistar på staden fortel til NRK Sogn og Fjordane at det har rasa ned tre-fire store steinar, i tillegg til ein del lausmasse.
Opning tidlegast i morgon
Geolog Svein Helge Frækaland i Statens Vegvesen har vore på synfaring i rasområdet i ettermiddag. Han fortel at raset har losna kring 500 meter oppe i fjellsida. Mellom 100-200 kubikkmeter steinmasse har rasa nedover nokre steinsva og ned i ei steinur.
- Slippområdet ser reint ut, men det ligg at stein og jordmassar på bratte svaskrenter. Dette må vi få spylt vekk med helikopter i kveld, og så må massane få stabiliisere seg i natt. Vi har von om å få rydda og opna vegen i morgon tidleg, seier Frækaland.
Lang omkøyring
Det blir truleg ikkje sett inn båt forbi rasstaden. Det inneber ein omkøyringsveg via Tyin og Lærdal - ei strekning på 170 km.
Sogn billag melder at det går buss mellom Tangen og Fodnes som normalt. Dessutan går det buss frå Lærdal kl 1755 over fjellet som kjem til Årdal kl 1955, og frå Øvre Årdal kl 2100 over Tyin til Sogndal, der han er kl 0005.