Bil totalskadd i brann

Føraren kom seg uskadd ut, då bilen han køyrde tok fyr i Norddalsfjord i Flora.

Bilbrann på fylkesveg 614

OVERTEND: Brannen skal ha starta i motorrommet, men spreidde seg raskt til resten av personbilen.

Foto: Jofred Vallestad

Bilbrann på fylkesveg 614 i Flora
Foto: Jofred Vallestad

Fylkesveg 614 mellom Grov og Svelgen er mellombels stengd som følgje av brannen som vart meldt klokka 14.53.

Bilen tok fyr ved Bruresløret, mellom avkøyrsla til Norddalsfjord og Magnhildskartunnelen.

Ifølgje politiet var det ein person i bilen då det tok til å brenne. Det er ikkje meldt om personskade.

– Då vi kom til staden brann det godt i motoren. Føraren hadde komme seg ut og vart teken hand om, fortel ein bilist til NRK.

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane opplyser at brannmannskap frå Eikefjord melde brannen sløkt klokka 15.17.

Artikkelen blir oppdatert.

Laster Twitter-innhold