NRK Meny
Normal

Bil tok til å brenne ved Storebru

Fører av bilen kom seg uskadd ut av bilen.

Bilbrann ved storebru

TOTALSKADD: Slik såg personbilen ut, etter at han vart totalskadd i brann ved Storebru. Det var ei stund manuell dirigering medan brannmannskapa rydda på staden.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Brannvesenet er på staden og har fått sløkt brannen, men bilen har nok fått store skadar, seier Terje Birkeland ved alarmsentralen i Florø.

Klokka var 07.04 då politiet fekk melding om bilbrannen ved Storebru.

– Fører av bilen kom seg ut av bilen på eigahand, og er uskadd, seier Ole Tom Nord ved operasjonssentralen i Florø.

Klokka 07.45 er det manuell dirigering av trafikken på staden.

bilbrann

MANUELL DIRIGERING: Trafikkien blir dirigert manuelt på riksveg 5, etter at ein bil tok til å brenne fredag morgon.

Foto: Ole Andre Rekkedal