Hopp til innhold

Bil snurra og køyrde i autovernet

Ein bil har snurra og køyrt i autovernet på fylkesveg 60 mellom Utvik og Innvik.

Snurra og køyrde i autovernet

PÅ TVERS: Bilen kryssa motgåande køyrefelt, trefte ein kant på sida, før bilen vart kasta tilbake i autovernet.

Foto: Jogeir M. Agjeld / NRK

– Det er ein person og ein bil involvert, stadfestar operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Per Rimmen.

Ulykka vart meld like før klokka 19.30, og alle naudetatar er varsla.

– Føraren av bilen er ikkje skadd, seier Rimmen.

Politiet som var på staden seier til NRK at bilen ikkje var godt nok skodd for føret, og fekk difor sleng då han kom utfor vegen med eit hjulpar.

Er opna for fri ferdsle

Rimmen kjenner ikkje til om det var glatt på staden då uhellet skjedde.

– Det har vi ikkje fått noko melding om. Men det er vinterføre dei fleste stadar, seier Rimmen.

Politiet melder no at vegen er rydda og at det er ope for fri ferdsle på staden.

Sperra eitt felt

PASSASJE: Det var passasje for personbilar, men større køyretøy måtte vente til vegen var rydda.

Foto: Jogeir M. Agjeld / NRK