NRK Meny
Normal

Bil reiv med seg autovernet

Seint fredag kveld var det storutrykning til det politiet trudde var ei stygg utforkøyring på riksveg 5 ved Kjørnes i Sogndal. Men då redningsmannskapa kom fram fann dei ingen bil.

Øydelagt autovern.
Foto: Arne Eithun / NRK

Politiet fekk klokka 23.23 fredag melding frå forbipasserande om at ein lengre del av autovernet var rive opp, og at ein bil kunne ha køyrt utfor vegen.

Men då redningsmanskapa kom fram fann dei "berre" rundt 100 meter med opprive autovern på staden. Fleire av stolpane var og rivne opp av jorda. Bilen derimot var borte vekk.

Men det gjekk ikkje lange tida før den 18 år gamle sjåføren sjølv ringde og melde frå om uhellet. Ifølgje politivakta i Florø vart ingen personar skadde, og det er heller ikkje mistanke om promillekøyring, men sjåføren har fått inndrege førarkortet. Politiet mistenkjer vedkomande for å ha halde høg fart.

Bilen skal berre ha fått mindre skadar.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote