Bil på taket i Nordfjord – tre til legevakt

Ein bil mista kontrollen på glatta på i natt i Vågsøy. Tre personar er sende til legevakt for sjekk.

Politiet opplyser at alle er vakne og at dei kom seg ut av bilen sjølve. Totalt var tre personar i bilen. Ulukka har skjedd på riksveg 15 i nærleiken av Brunsviktunnelen, i retning Måløy.

– Bilen hamna i grøfta, seier Terje Magnussen i politiet til NRK.

Ein skal ha skadar i handleddet og ein har vondt i nakken.

Naudetatane har avslutta arbeidet på staden og bilen er berga. Førarkortet vert teke inn og sak oppretta.