Hopp til innhold

Bil hamna på taket etter utforkøyring

Naudetatane har rykt ut til eit trafikkuhell på E39 ved Svidalsneset i Jølster.

Trafikkuhell E39 Jølster

I GRØFTA: Føraren var åleine i bilen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ein bil har køyrt utfor vegen på E39 i Jølster. På operasjonssentralen til politiet får NRK opplyst at føraren av bilen har kome seg ut, og at han er oppe og går. Bilen har hamna på taket i veggrøfta.

Ein person vart send til legesjekk etter at ein bil kvelva og landa på taket i Jølster.

SJÅ VIDEO: Bilen var på veg vestover mot Førde då uhellet skjedde mellom Svidal og Ålhus i Jølster. (FOTO/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

Føraren i 40-åra er send med ambulanse til Førde sentralsjukehus for kontroll, men ifylgje politiet ser det ut til at han har kome frå det utan alvorlege skadar. Føraren var åleine i bilen, og ingen andre bilar vart involverte i uhellet.

Brannfolk tar seg av trafikkavviklinga på staden, det skal vere passasje for andre bilar, så vegen er ikkje stengd forbi ulukkesstaden.

Trafikkuhell E39 Jølster

PÅ TAKET: Bilen vart liggande opp ned i grøfta.

Foto: Oddleif Løset / NRK