Bil på taket i Balestrand

Ein bil køyrde av vegen og hamna på taket ved Tue i Balestrand, søndag morgon. Éin person var fastklemt i bilen, og bilen låg delvis under vatn, då brannmannskap på staden fekk personen ut av bilen. Personen har fått tilsyn av helsepersonell, og skal vere nedkjølt, men ellers i god behold, seier Kai Henning Myklebust på politiet sin operasjonssentral for Sogn og Fjordane.