Hopp til innhold

Bil og ATV i trafikkulukke

Ein ATV køyrde inn i ein bil i Sløvåg i Gulen. Føraren er køyrt til legevakta.

sløvåg

– Politiet fekk inn melding klokka 10.34 om at ein bil og ein ATV hadde støtt i hop i Sløvåg-området, seier Eivind Hellesund ved politiets operasjonsteneste i Bergen.

Hendinga skjedde 500 meter frå Sløvåg ferjekai i eit vegkryss.

– Ambulanse var raskt på standen saman med brannvesenet, og politiet er på veg. Føraren av ATVen skal vere frakta til legevakta og det er ikkje meldt om kritisk skade, opplyser Hellesund.