Hopp til innhold

Bil nær teken av isras

Like før klokka tolv gjekk det eit ras på fylkesveg 614 ved Haukåtunnelen mellom Grov og Svelgen.

Knuser is i fjellsida

BRUKAR JERNKULE FOR Å FJERNE IS: Men like før arbeidet starta, rasa store mengde is ned på vegen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ein bil frå Mesta var berre få sekund frå å bli teken av store ismengder. Rolf Dombestein skulle akkurat stenge til å stenge fylkesveg 614 for trafikk på grunn av rassikring, då han i dag nær blei tatt av ras.

Eit helikopter skulle få ned dei farlege ismassane over vegen ved Haukåtunnelen mellom Grov og Svelgen. Men før Mesta-arbeidaren fekk sukk for seg, kom raset.

– Mykje av den isen vi skulle ta ned rasa bak bilen.

Han seier at det sette ein støkk i han då dette skjeddde.

– Men stort sett går det heldigvis bra.

Knusar is med jernkule

Den bratte fjellsida skal reinskast for 70 meter med is som er oppe i fjellsida. Til dette brukar dei eit helikopter som har ei jernkule på 800 kilo hengande under seg. Denne blir slegen inn mot isen slik at den losnar.

Raset skjedde like før helikopteret skulle lette. Det er venta at vegen opnar for trafikk klokka 14.30 i ettermiddag på grunn av isfjerninga.

Mange ras

Etter ekstremt mange ras det siste døgnet, er dei fleste vegane i fylket no i ferd med å opne for trafikk. Tidlegare i dag har mellom anna heile Årdal kommune vore avskoren frå omverda grunna ras.

Helikopter skal knuse is med jernnkule

70 METER MED IS: Denne isen prøver dei å fjerne med ei jernkule som heng under helikopteret.

Foto: Arne Stubhaug / NRK