Hopp til innhold

Bil mot vogntog i Sogndalsdalen

Ein personbil har kollidert med eit vogntog på riksveg 5 i Sogndalen, like før Frudalstunnelen. Køyretøya har berre fått mindre skadar og ingen personar er skadd.

frudalen, sogndal

Politiet skriv på Twitter at ulukka skal ha skjedd i samband med at personbilen skulle køyre forbi eit anna vogntog som hadde køyrd seg fast.

Samanstøyten har skjedd låg hastigheit og det er mindre skadar på begge køyretøya. Begge bilane er køyrbare og ingen andre naudetatar vert kalla ut til uhellet.