Hopp til innhold

Bil med to personar i tunnelveggen

Ein bil med to personar har køyrd i veggen i Horrnestunnelen i Førde. Ingen personar skal vere skadde.

Trafikkuhell i Hornnestunnelen i Førde.

I VEGGEN: Bilen skal ha køyrd frå Naustdal i retning Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kring klokka 14.30 fekk politiet melding om ein bil som hadde køyrd i tunnelveggen på riksveg 5, retning Førde.

Trafikkuhell i Hornnestunnelen

STØYPEKANT: På veg mot Førde trefte bilen først murkanten, før den skar over vegen og inn i fjellveggen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ingen personar skal vere skadde, men éin person skal ha klaga over smerter i nakken, melder politiet på Twitter.

– Bilen har truleg køyrd i murkanten på utanfor tunnelen, og sklidd over vegen før den hamna i tunnelveggen, seier Espen Gulliksen i politiet.