NRK Meny
Normal

Bil med to personar har køyrt av vegen i Fjaler

Bilen skal ha gått rundt etter utforkøyringa, men dei to som sat i køyretøyet skal ha greidd å kome seg ut på eiga hand.

Laster kart, vennligst vent...

TRAFIKKULUKKE: To personar sat i bilen som gjekk rundt på fylkesveg 65 ved Fure i Fjaler kommune.

Naudetatane har no kome fram til staden. Politiet fekk melding om ulukka klokka 18:30 i kveld.

– Bilen har gått rundt og hamna på taket. Det er ikkje alvorleg personskade så vidt vi veit, seier Odd Arve Solvåg ved operasjonssentralen i Florø.

Han opplyser at det har vore glatt på ulukkesstaden.

Dei to involverte, ein mann og ei kvinne, klaga over smerter etter ulukka. Begge vart køyrt til ein sjekk hos legen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.