NRK Meny
Normal

Bil med to personar har køyrt av vegen

Ein person er køyrt til legevakta etter at ein bil med to personar køyrde av vegen ved Kvamshaugen på Hafslo.

Ein person vart sendt til legesjekk etter at ein bil med to personar køyrde av vegen på Hafslo.

KØYRDE AV VEGEN: Ein bil med to personar har køyrt av riksveg 55 ved Kvamshaugen på Hafslo. (Foto: Asle Veien/NRK)

Ulukka skjedde om lag kvart over seks i ettermiddag.

Føraren har opplyst til politiet at han mista kontroll over bilen og deretter hamna utfor vegen.

Den eine i bilen vart køyrt til lege for kontroll med lettare personskadar. Den andre vart kontrollert på staden.

Laster kart, vennligst vent...