Hopp til innhold

Bil med fire unge menn hamna på taket

Fire skadde ungdommar vart laurdag ettermiddag frakta til Førde sentralsjukehus, etter at bilen dei sat i hamna på taket på E39 ved Langeland

Ulukke Langeland

PÅ TAKET: Her jobbar redningsmannskap på staden der bilen gjekk rundt og to personar vart hardt skadde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Klokka 16.40 skriv Helse Førde i ei pressemelding at ingen av dei involverte er alvorleg skadde, og at alle er innlagde til observasjon.

Ulukke skjedde rundt klokka 13.30 ved Langelandsvatnet, nokre kilometer sør for Førde.

– To hardt skadde

– Det var fire personar i bilen som gjekk rundt, noko som skjedde om lag midtvegs langs vatnet, fortalde operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Per Rimmen, tidlegare i ettermiddag.

Fire menn, tre tenåringar og ein i 20-åra, sat i ulukkesbilen. Føraren var ein mann fødd i 1997.

– To av personane vart klassifiserte som hardt skadde på staden. Vi har ikkje oppdatert informasjon om skadeomfanget, sa Rimmen etter ulukka.

Ambulansepersonell tok seg raskt av dei to som vart rekna som hardast skadde, og frakta dei til Førde sentralsjukehus. Dei to andre som var i ulukkesbilen vart teken hand om av andre ambulansar på staden ei stund, før dei også vart frakta til sjukehuset.

Ulukke Langeland

UNDERSØKINGAR: Politiet er ferdige med sine undersøkingar på staden, og skal no etterforske saka. Store styrkar rykte ut etter meldinga om ulukka.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Veit ikkje årsaka

Politiet og andre mannskap har rydda vegen, og politiet har gjort sine målingar i samband med etterforskinga. Operasjonsleiar Per Rimmen seier politiet ikkje veit årsaka til ulukke enno.

– Vi har ikkje full oversikt over kvifor ulukka skjedde.

NRK har snakka med fleire vitne på staden som hevdar ei forbikøyring skal ha skjedd i samband med ulukka. Politiet kan ikkje stadfeste det.

Vi har ikkje fått avhøyrt vitne på staden. Kva som er årsaka må den vidare etterforskinga vise, seier Rimmen.

E39 er no open for fri ferdsel.

Ulukke Langeland

KØAR: Det har danna seg kilometer lange køar på staden etter ulukka. E39 var stengt i over ein time etter ulukka.

Foto: NRK-tipsar
Ulukke Langeland

PÅ VEG VEKK: Ein ambulanse med blålys på veg vekk frå ulukkesstaden ved Langeland.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Laster Twitter-innhold
langeland