Hopp til innhold

Mista lappen etter ulukke i Stryn sentrum

Ein ung bilførar er fråteken førarkortet etter ei ulukke i Stryn natt til søndag.

Klokka 03.17 i natt melde politiet at ein bilførar hadde fått skrens på køyretøyet, og at bilen blei liggande på sida i vegbana i Stryn sentrum.

– Det var i alt fire ungdomar i bilen, men då politiet kom fram var det berre bilføraren som var igjen på staden og venta på oss. Førarkortet til mannen er kverrsett, opplyser operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ifølgje politiet var det heldigvis berre snakk om mindre personskade, og det er ikkje mistanke om at føraren av bilen var rusa.