Hopp til innhold

Bil med fire personar i trafikkulukke

Ein bil med fire personar har vore involvert i ei trafikkulukke på fylkesveg 57 ved Novene i Fjaler.

Fjaler

Naudetatane rykka ut til staden og bilberging er varsla. Alle dei fire personane blei sende til legesjekk, men alle er uskadde.

Vegen er open for trafikk.