NRK Meny
Normal

Bil med fem personar kolliderte med fjellveggen

Førar sendt til legevakt etter at bilen kolliderte med ein fjellvegg i Gaular.

Laster kart, vennligst vent...

I FJELLVEGGEN VED FOSSEVIKA: Ein bil med fem personar enda i fjellveggen ved Fossevika i Gaular kommune.

Ein bil med fem personar kolliderte på fylkesveg 610 ved Fossevika i Gaular kommune natt til sundag.

– Føraren klaga over kvalme og vart sendt til legevakt for sjekk, seier operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø, Espen Gulliksen.

Dei fire passasjerane kom uskadd frå hendinga. Politiet melder om at det var glatt på staden.

– Føraren køyrde med sommardekk. Vêret kan snu fort, så her gjeld det å vere skodd etter forholda, seier Gulliksen.

Vegen var stengd etter ulukka, men er no open for trafikk att.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.