Hopp til innhold

Bil med fem personar i fjellveggen

Ein bil køyrde i ein fjellvegg mellom Førde og Askvoll i ettermiddag

Ulukke Heilevang

ULUKKE: Bilen fekk ein kraftig samanstøyt med fjellveggen, men det ser ut til å ha gått bra med alle involverte.

Foto: Steinar Bauge

Uhellet skjedde ved Heilevang, på fylkesveg 609.

– Det var fem personar involverte, men ingen er skadde. Ein person fekk eit lite kutt i hovudet, men det står bra til med alle, seier operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Odd Arve Solvåg.

Det er glatt på staden der ulukka skjedde.

– Vi jobbar framleis med undersøkingar på staden, og kan ikkje slå fast at det berre er glatta som har gjort det, seier Solvåg.

Ingen andre køyretøy var involverte i ulukka, og vegen er no open for trafikk.