Hopp til innhold

Bil køyrde inn i steinras

Bilføraren fekk seg nok litt av ein støkk då det plutseleg låg eit ras i vegen.

Bil køyrde inn i ras

KØYRDE INN I RASET: Bilen var ikkje køyrbar etter at den køyrde inn i raset.

Foto: Odd Asle Endestad

Kort tid etter midnatt kom det melding om at det hadde gått eit stein- og jordras på fylkesveg 616 mellom Davik og Isane i Bremanger.

Ein bil som hadde kome køyrande hadde køyrd inn i raset og fekk så store skader at han ikkje kom seg der ifrå ved eiga hjelp.

Bilberging vart tilkalla og fekk bilen frakta vekk. Til alt hell skal bilføraren ikkje ha blitt skadd.

Det skal ha vore fare for nye ras og vegen vart difor ikkje opna att i natt. Like før klokka 10 søndag er vegen framleis stengd.

Ved 11.15-tida får NRK opplyst ved Vegtrafikksentralen at området vert rekna som svært usikkert. Før ein kan opne vegen må ein ha ein geolog på plass, og det er difor usikkert om vegen kan opne att søndag.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.