Hopp til innhold

Bil køyrde inn i steinane i Naustdalstunnelen

Ingen kom fysisk til skade, men ein bil fekk mindre skader då den traff steinar i vegbana frå steinraset inne i Naustdalstunnelen.

Naustdalstunnelen stengd av ras

DANNA SEG KØ: Tunge køyretøy kunne ikkje bruke omkøyringsvegen over Ramsdalsheia.

Foto: Steinar Lote / NRK

Naustdalstunnelen på riksveg 5 blei i ettermiddag stengd på grunn av eit steinras inne i tunnelen.

– Det har falt ned stein om lag 200 meter inn i tunnelen på Naustdalsida. Ein bil skal ha punktert etter å ha køyrd på stein, opplyser politiet til NRK.

Det skal ikkje vere nokon personskader i samband med steinraset i tunnelen.

Entreprenøren Mesta rykte raskt ut og fekk fjerna steinane som var kome ned i vegbana, og tunnelen er no open for fri ferdsel.

Ras Naustdalstunnelen

STENGD: Eit steinras på Naustdalsida sperra tunnelen.

Foto: NRK-tipsar