Hopp til innhold

Merete drog mann ut av søkkande bil

FLORØ (NRK): Då bilen var i ferd med å søkke, klarte Merete Hamre Ahlberg å få dratt bilføraren ut gjennom vindauga.

Merete Hamre Ahlberg

BERGA: Merete Hamre Ahlberg leste nyhende då ho høyrde braket av bilen som køyrde på sjøen. Medan ho sjølv sprang til båten bad ho andre vitne ringe etter hjelp. – Eg var i båten på under 30 sekund. Dei heile var over på fem minuttar, seier ho.

Foto: Terje Pettersen

– Eg sleppte det eg hadde i hendene og sprang 30 meter bort til brygga der båten til far låg, køyrde rundt og såg at mannen ikkje fekk gjort noko for å komme seg ut, seier ho til NRK.

Tydelege spor etter bilen som trilla på sjøen

SPOR: Politiet kan førebels ikkje seie kvifor bilen trilla i sjøen, men det er tydelege spor på kaien etter uhellet.

Foto: Terje Pettersen

Slik skildrar Merete Hamre Ahlberg dramatikken i sjøen utanfor Amfi i Florø.

Ein mann i 70-åra vart berga ut passasjervindauget på bilen, då bilen trilla i sjøen utanfor handelssenteret.

Ahlberg sat i ein bil nokre parkeringslommer unna då ho høyrde braket og såg bilen forsvinne på sjøen.

Kom seg ikkje ut

Bil i sjøen ved Amfi i Florø

TRIPPELVARSLING: Alle naudetatane vart varsla om ulukka som skjedde i 1030-tida.

Foto: Terje Pettersen

Medan vitne på land ringde naudetatane etter hjelp, såg Ahlberg at mannen kjempa hjelpelaust med å komme seg ut. Bilen duppa med fronten ned og bilen tok inn vatn.

Med klare og bestemte ordrar gir Ahlberg mannen beskjed om å sveive ned ruta på passasjersida og prøve å ta seg ut der. Løysinga vart å dra mannen etter armane ut vindauget.

– Eg hadde ikkje tid til å køyre rundt til førardøra. I fellesskap fekk vi han over i båten, seier Ahlberg.

Tre meter djupt

Bil trilla i sjøen ved Amfi i Florø

SOKK: Bilen sokk kort tid etter at mannen var berga ut.

Foto: Terje Pettersen

Politiet fekk melding om ulukka klokka 1036. Fem minuttar seinare fekk dei melding om at mannen, som var åleine i bilen, var berga ut.

– Heldigvis kom det båtar til veldig fort og etter tre minuttar fekk vi melding om at føraren var berga ut av ein båt. Kort tid etter gjekk bilen ned, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Lars Geitle.

Ein annan båt kom til og gjorde forsøk på å dra bilen til brygga. Bilen sokk til botn kort tid etter at mannen var berga ut. Det er kring tre meter djupt der bilen gjekk ned.

– Ekkelt å sjå på

– Eg opplevde at det gjekk seint, men det gjekk nok ganske radig likevel, seier Ahlberg som jobbar som tryggleiksleiar offshore.

Politiet opplyser at mannen virker uskadd og oppegåande, men at han truleg er i sjokk etter hendinga. Politiet veit førebels ikkje kva som er årsaka til ulukka.

Helge Lekva

VITNE: Helge Lekva såg dramaet frå land. – Hadde ho ikkje vore der, så trur eg det hadde gått ille, seier han om innsatsen til Merete Hamre Ahlberg.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Helge Lekva vart vitne til hendinga. Han stod ute og røykte då han høyrde bilen ruse og forsvinne utfor kanten. Han er sikker på at det kunne gått ille om ikkje Ahlberg hadde handla så raskt.

– Det var ekkelt å sjå på. Du blir skjelven i kroppen når du ser bilen gå utfor kanten slik, seier han.

– Han skulle ut

Bil blir teken opp frå sjøen ved Amfi i Florø

TEKEN OPP: Bilen blir teken opp frå sjøen.

Foto: Terje Pettersen

Sjølv trur Ahlberg at mange års erfaring og kursing offshore er grunnen til at ho klarte å halde seg roleg. Ho har bak seg mange år i beredskapstenesta i Equinor.

– Der og då var eg berre oppteken av at mannen skulle ut av bilen for kvar ein pris. I «worst case» hadde han ikkje kome seg ut. Då hadde han gått ned med bilen. Den tanken tør eg ikkje tenkje, seier ho og konstaterer at det viktigaste er at det gjekk bra med mannen.

– Eg trur han trengde den hjelpa han fekk.

Amfi Florø