Hopp til innhold

Køyrde i grøfta – mistenkt for promillekøyring

Føraren er mistenkt for fyllekøyring etter å ha køyrt i grøfta på fylkesveg 609 ved Toyota i Førde.

ulukke førde toyota

VED TOYOTA: Ulukka skjedde på fylkesveg 609 like over Toyota sine lokale i Førde.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

trafikkulukke fv. 609

STORE SKADER: Bilen fekk hard medfart, men det er framleis ikkje kjend kva retning den kom frå.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Bilen køyrde i grøfta like før klokka 09.00 søndag morgon, og ingen andre bilar var involverte. Føraren var åleine i bilen og skal ikkje vere alvorleg skadd, ifølgje politiet.

Både brannvesen, ambulanse og politi kom til staden kort tid etter ulukka.

Ifølgje politiet er det mistanke om køyring i rusa tilstand. Det vil bli teke blodprøve av føraren, og førarkortet vil bli kverrsett.

Klokka 09.42 melder politiet at dei er i ferd med å avslutte på staden. Det er førebels ikkje kjend kva retning bilen kom frå.