Hopp til innhold

Bil køyrde i fjellveggen på riksveg 52

Ein person er sendt til sjekk etter ei trafikkulukke på riksveg 52 i Holesvingane i Lærdal.

Bilen var på veg ned frå Hemsedalsfjellet då den hamna i fjellveggen. Airbag vart utløyst og bilen skal ha fått ein del materielle skader.

– Bilføraren fekk sjokk. Det er ikkje opplyst ytterlegare skader, opplyser politiet på Twitter klokka 20.38.

Føraren av bilen er ein mann i 40-åra. Vedkomande vart teken med til sjukehuset i Lærdal for sjekk etter ulukka.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 19.49 og dei opplyser at det er snø og glatt på staden der ulukka skjedde.

Det er mykje trafikk over fjellet i kveld, men det skal vere mogleg å passere på ulukkesstaden.

Ulukka skjedde i området som blir kalla Holesvingane.

– Bilen har køyrd inn i ein fjellknaus. Vi får opplyst at føraren av bilen er i sjokk, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Han fortel vidare at ein forbipasserande bilist hjalp til på ulukkesstaden og at andre hjelp til med trafikkdirigering.

Politiet mistenkjer ikkje ruspåverka køyring, og har heller ikkje gjort beslag i førarkort. Dei har likevel oppretta sak på forholdet.