Hopp til innhold

Bil køyrde i fjellveggen

Ein person vart lettare skadd etter at han køyrde i fjellveggen på riksveg 5 ved folkemuseet på Kaupanger torsdag føremiddag.

Den mannlege føraren i slutten av tenåra var åleine i bilen.

Mannen er send til Førde sentralsjukehus for behandling.

Personbilen kom køyrande frå Sogndal i retning Kaupanger då den køyrde av vegen ved avkøyringa til Sogn Folkemuseum.

Politiet kjenner ikkje årsaka til trafikkulukka som vart meldt klokka 11.15. Bilen vart totalvrak.