Hopp til innhold

Bil køyrde i fjellveggen

Ein bil køyrde i fjellveggen då den møtte ein buss på riksveg 620 mellom Kjøde og Sandvikskrysset i Selje kommune. Ein person vart lettare skadd.

Ulukke riksveg 620 selje

MØTEULUKKE: Ulukka skjedde då bilen møtte ein buss på riksveg 620.

Foto: Erik Hove / NRK

Ifølgje politiet skal ulukka ha skjedd i samband med møte med ein buss på vegen.

Klokka 18.44 melder politiet at ambulansen er komen fram til staden. Politiet var då på veg frå Eid, der patruljen var då meldinga kom.

Klokka 19.14 bekreftar AMK at ein person fekk lettare skader og vart sendt til kontroll på legevakta.

Vegen er svært smal på ulukkesstaden og truleg har også bilen og bussen vore borti kvarandre, ifølgje vitne på staden. Bilen har store materielle skader og var ikkje køyrbar etter ulukka.

Ulukka vart meldt inn klokka 17.52. Politiet kan framleis ikkje slå fast kva som var årsaka til ulukka.

Ulukke riksveg 620 selje

I FJELLVEGGEN: Ein bil køyrde i fjellveggen i samband med at den passerte ein buss.

Foto: Erik Hove / NRK
selje